Sæle tid, som alle sorger sonar
med din store, glade sigersong,
du ber evige og sterke voner
til min unge, djupe livsenstrong.
Sæle tid, daa natt fyr dag maa røma,
livet sigrar, daudsens ander flyr, –
svart vil jordi som ein hage bløma,
soli straala millom sumarskyer.
Sæle dag med fagrast morgonraude,
søtt du fyr den fallne verdi spaar:
etter vetterstormar, sorg og daude
gaar vi mot ein stor og evig vaar!