Eg elskar naturen som barnet si mor,
millom blomar eg aldri vert vaksen og stor,
naar bjørki ho lauvast, og fuglarne syng,
naar fjelli dei grønast med gras og med lyng,
eg kjenner meg plent som til barndomen flutt,
eg atter vert gut.
Eg elskar naturen, den løyner ‘kje svik,
eg ynskjer so ofte, all verdi var slik,
den læser ‘kje inne si gleda og sut,
men andar og kviskrar og synger det ut,
eg finn ikkje hæding og spottande tvil
bak vaarkveldens smil.
Eg likar den mann, som ein ser, som han er,
som ikkje paa gjenglur og krokvegar fer,
som ikkje hev laant baade tankar og ord
og segjer iaar det, han meinte ifjor,
som ikkje med kjenslor og meiningar bur
som attum ein mur.
Eg likar den kvinna, som heilt eg kann tru,
som ikkje som fløyi fyr vind let seg snu,
som ikkje med lovnad og ord driver leik
og spottar og lær av den guten, ho sveik,
ja, ho som er trugi og liter paa meg,
ho likar just eg.
Eg ofte vert avsinnt i hugen og stur,
eg gjeng her og argast paa al unatur,
kvi gaar me so tagal, som trengde me tolk,
kvi kann ikkje folket daa liva som folk?
naturlig aa vera i ord og i gjerd
fyr livet hev verd.