Eg sat ein kveld og saag kor soli tende i brand kvar sky saa langt deruti vest, kor raudt det logad, og kor rart det brende med gullglans yver kvar ei snjofons rest,
i hugen min ein graatfull lengt eg kjende, det var, som um eg skulde kvamna mest, her var so trongt, men der som soli gøymest, deruti vest maa alt vel kunna gløymast.
Og som eg sat, eg vart so tung i sinne, eg hugsad’ ikkje, at det leid til vaar, men daa saa det igjen meg drogst til minne, daa var 'kje hugen lenger fullt saa saar, –
kann vera, at eg vil 'kje allting finna saa ljost, som det fyr meg i draumen staar, um eg meg ut av reidet kunde kara og burt fraa heimsens grend og tufter fara.
Eg undrast paa, um hjartat slik kan drøyma, um himlen brenner der kvar kveld saa rart, um marki kann som her i Norig bloma, um sumarsoli skine der saa bjart,
skal tru, eg der all sorg og sut kan gløyma, um det 'kje finst i hugen lell forvart, tra der finst slike lider, slike dalar, der fagre minne til meg lær og talar?
Aa, nei, eg kann vel ikkje farvel bjoda til heimen min, kor saart eg lengtar ut, fraa fjelli høyrer eg ein lokking ljoda, som beder meg so vænt: “Bli heime gut!”
Fraa skogen, fraa kvar blom, som eg mun skoda, dei same blide bøner kviskrast ut, eg kann ‘kje reisa, – daa vil barmen bløda, det vert eit saar, som aldri meir kann grøda.
Det band, som meg til moderjordi binder det slitner ‘kje, dertil er det for dyrt, det flettad' er av alt for væne minner og brytest ’kje fyr nokon iskald styrt,
eg vonar, at ein solmild heim eg finner, naar alt paa jordi eingong verter myrkt, det fell saa lett aa ganga gjenom verdi, naar slike voner signar ein paa ferdi.
Cookies on Poetry Cove