Um eg skulde byta med nokot svin,
so lyt det vel vera grisen,
for føda han fær av eigaren sin,
som tenkjer paa fleskeprisen.
Ja, grisen er til for aa verta feit,
han eter seg gjenom verdi,
men mange slags folk eg ogso veit,
som heve den same gjerdi.
Eg ser ikkje annar enn alle dei,
som berre er til for maten,
dei karar seg fram paa inkvar leid,
so eta dei fær paa staten.
I høgdi dei kjem seg og vinner pris
fra fanten til majestæten
og gjødest som ein slags folkegris,
som laaner seg liveretten.
Og difyr so tykkjer eg, grisen er
en “gentleman” her i verdi,
han ikkje det ringaste annat gjer
enn eta seg takeferdig.
Men deri han skiler seg litet ut
fraa desse, som tærer staten,
at naar han er daud, han lell tilslut,
gjev nokot igjen for maten.
Ja, skulde eg byta med nokon her,
so lyt det vel vera grisen,
for liv og moral han sikkert ber
av alle slags matmenn prisen.