Yver dei lauvrike skogar
vinden stryk kjælen ikveld,
nordpaa stend skyi og logar
enno i farger av eld,
fjelli der sør stiger blaanande matt
fram igjenom den disiga natt.
Yver dei blaanande heider
tanken stryk villsam ikveld,
yver dei velkjente leider,
langt attum fjordar og fjell,
hugen som trækfuglen fljugar seg matt,
i den varme og angande natt.
Langt i det blaa ligger vegen,
langt i det endlause blaa,
men hugen vert sliten og dregen,
han lyt der i draumarne gaa,
i mitt eventyrslott bak den solgylte karm
stend ei huldra med byljande barm.
Driven av villsame tankar
gjeng eg her natt etter natt,
og rosor um vegen seg rankar,
for huldra hev draumarne fatt,
vonfull eg trur – fast eg kjenner so godt
eg naar aldri mitt lokkande eventyrslott.