Himlen raud i vester eldar,
dagen døyr, og skyi brenner,
eismal langt fraa gamle vener
sitter eg dei stille kveldar.
Glade, lukkelege tider!
Eg hev drøymd meg slik ein himel
skinande med straalevrimmel
um mi ferd paa livsens vidder.
Soli sokk i vesterhavet,
sloknad er dei gyllte straumar . . .
livet spottad mine draumar,
ein for ein gjeng ned i karvet.
Lange, tankefylde kveldar . . .
fram for tanken minne glider,
glade born fra lidne tider
atter draumehugen eldar.