I vaaren spirad med anga varm
ein blome fin
og gjenta festad den paa sin barm,
ja, i sitt sinn,
ho saag paa guten, – dei log og log,
og sæle vaara dei baade tvo.
Det var so fagert den ljose kveld,
so fullt av fred,
der heggjen breidde sitt kvite tjeld
paa stien ned,
tvo gingo saman, til soli seig,
og maanen bleik yver kammen steig.
Ho kjende vel, daa dei skildest aat,
og heim ho sprang,
i hennar hjarta han hadde faat
den høgste rang, –
men det han lovad’, daa ut han for,
det var det beste av alt paa jord.
Daa heggjen kvitnad’ eit annat aar,
ho var so bleik,
ho gjekk og bar paa eit hjartasaar,
fyrdi han sveik,
ho tykte alt var so myrkt og tungt,
og motet døydde so ungt – so ungt –.
So gjekk ho atter ein stille kveld
i skogen inn,
der heggjen stod i sitt kvite tjeld
so ljos og lind,
med bleike kinner ho vonlaus gjekk, –
best var det kanskje, um fred ho fekk.
Daa alle blomar var falnad; av,
og hausten kom,
paa kyrkjegarden vart nog ei grav,
der fann ho rom,
folk sa med taaror: “Ho var so ung,
aa, hennar daud maatte vera tung”.
Ei rosa spirad paa hennar grav,
so raud som blod,
so varm som soli, der sig i hav,
var hennar glod,
ho brende honom i sjæli inn,
og fred kom aldri meir i hans sinn.