Skip to content
1868–1892

Fyr jol

Peter A. Skjeflo

Tunge næter, triste dagar, stormen vilt i lufti jagar, svarte skyer, tott fyr tott, sunderrivne,

heimlaust drivne flyr mot sud den lange nott. Snjoen piskar, stormen tutar, soper berr dei kalde nutar,

vilt gjeng sjøen i sin gong, kvit i haaret synger aaret atter paa sin svanesong.

Stundom lell eg himlen skimtar, stjernor gjenom skyi glimtar, der, i deira sæle heim, stormen kviler

allting smiler i ein ævig solareim. Naar igjenom hugen vankar jagne, sunderrivne tankar,

tidast skodda rivnar lell, – voni vinkar, sorgi minkar, all mi lagnad vert so sæl.

Kann dau elsk til verdi bera, fast ho synest arm deg gjera, kjærleik vil som stjerneskin klaara vegen,

so du fegen ser i verste røynsla inn. Livet hev sin eigen lagnad, sorgi sjølv kann hava fagnad,

attum skyi stjernor lær, tunge dagar sjølv ein lagar, naar ein hat til livet ber.

Lat eingong, naar soli glader fyr min livsdag, Gud og fader, dine stjernor lysa meg, lat i kvelden

stjerneslden syna vegen heim aat deg!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Fyr jol · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove