Skip to content
1868–1892

Fraa dei ytste skjer

Peter A. Skjeflo

Der alda gjeng med skumkvit barm all vetternotti laang og brusar vilt med styn og larm imillom stein og taang,

ei nakin øy, eit fiskarland, der upp or havet stig, i vester hav og himmelrand inn i kvarandre sig.

Det stundad’ mot ein uvedrskveld, det skomad' alt so smaatt, men skodda dreiv um fjord og fjell med dyster uvedrshaat,

i fjøra paa den vaate tram ei einsleg kvinna stod og starad' gjenom dimma fram i dagsens sidste glod.

Og stormen kvein i lufti alt, daa bleiknad' ho um kinn, fraa vester myrke skyer valt mot øyarlandet inn,

langt ute um dei ytste skjer dreiv kvite brimet paa, og kvar ho starad', langt og nær, var berre rok aa sjaa.

I livd av berget, fatig, graa ei liti stova laag, bak ruta der tvo augo smaa ut gjenom kvelden saag, –

det sautrad' gjenom graat tilslut: “Aa – kjem ei snart han far?” Men stormen kvein um veslegut ein rædslesong til svar.

Langt ute millom skum og brot ein siglar prøvde gaa, det var ein liten seksringsbaat med klo og syfler paa,

av stormen jagat vilt han flaug igjenom roket fram. men kalde baaror kringum smaug som draugehender klam.

Tvo karar sat paa tilja bleik, still held dei drag og ror, dei saag paa denna daudsens leik med ro, men utan ord, –

ein sjømann paa det store hav kann det, ei andre kann, aa stara i si opne grav, men vera lell ein mann.

Der kom eit stilt: Gud hjelpe oss! ifraa den bleike mun – fram sand daa skavlen som ein foss mot baaten same stund,

lik kvite troda valt han inn, eit rop . . . og baaten sok, – men yver gravi piskad' vind og flagor alt i rok.

Paa botnen millom tara, tong, der fisken gjenger stur, i uvedrsnotti myrk og lang ein daudningengel bur,

han mann fyr mann i bylgja grev, mot bøn og taaror hard – paa havsens botn Norig hev sin største kyrkjegard.

I fjøra paa den vaate tram ei einsleg kvinna stod, ho stirde gjenom notti fram og var so sjuk i mot,

i stova der ein liten ein gret saar dei augo smaa, – mein stormen gjenom lufti kvein ein liksong tung og graa.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Fraa dei ytste skjer · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove