So langt der innpaa fjelli bak heid og ville nut,
bak aasar og mosekledde knollar,
der gjekk eg glad og sullad som liten gjætargut
og song paa dei skogomkranste vollar, –
og fjellet all sin susing og underlige ljom
meg tonad' inn i hjartat, der hev den no sit rom, –
den tonar so ofte derinne.
So langt der innpaa heidi eg veit ein fager stad,
som tryllad’ meg eventyr i sinne,
sju vatn smaa der ligger so vakker i ei rad,
som drøymande augo blaa dei skine’, –
der stod eg ofte fengslad av all den sæle ro,
og gjenom lufti døydde ein sagte, stille ljod
av lurlokk og ljomande bjøllor.
Men der eg sat og drøymde, der siter vel ikveld
ei hulder med elskhugskvad paa munnen,
ho eismal sit og synger der i det ville fjell
um kjærleik, som aldri der er funnen, –
men nykkjeblomen voggar der ute ljos og linn,
der trillar liksom taarer ifraa den kvite kinn,
og huldri ho græter paa strondi.
Ja, huldri ho hev lært av den fagre fjellnatur
aa kveda dei vemodsfulle songar,
eg høyrde deim so ofte fraa fly og ville urd,
eg song deim og sjølv so mange gongar, –
og no ikveld eg tykkjer, som sviv i stova inn
dei underlige tonar, som lokkade mitt sinnder utpaa dei einsame vidder.