Skip to content
1868–1892

Ein underleg draum

Peter A. Skjeflo

Eg drøymde so underleg natt til igaar, eg tykte du var meg so nær, og soli skein klaar i dit myrkbrune haar,

og du sa, at du hadde meg kjær! Det ljosnad ikring meg med sol yver vang, mitt liv vart med ein gong so rikt, det lo og det klang,

naar du sat paa mit fang, frisk og frid som eit straalande dikt. Igaar dreiv eg ørsken fraa morgon til kvell, idag er mit hjarta so rart,

det varmar og svell som ein smeltande eld, Gud veit, um det kjem burt so snart?

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ein underleg draum · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove