Det er merkverdigt nokk aa sjaa,
kor folk kann slaa seg fram i livet,
naar dei den rette vegen gaa
og held seg til det, som er skrivet.
Den tid han Simen gjekk fyr prest
var han ein trehest i forklaring,
han toskutt var og saag ut mest,
um eg vil segja, som ein raring.
Men no – no hev han tent eit aar
tett attmed by'n hjaa presten Stabel,
han ging med salvat pannehaar
og nasebrillor paa sin snabel.
No er han og ein Herrens mann,
han preikte nyst hjaa Ola Knausen,
men nei, um eg forstend, kor han
hev faatt al lærdomen i hausen.
Han la ut som ein kandidat
av baade “pistel” og “vangilje”
og i eit maal, so eg trur, at
han kunde dugd til huspostille.
Og ordi hans dei hadde magt,
kvar ein, som vil, maa kunna sjaa det, –
ein mengd med folk er vorten vakt
og fleir er visstnok ogso paa det.
Dei heve lært den store ting
si lytelausheit rett aa kjenna,
og difyr kann dei gaa ikring
og lyse andre til Gehenna.
Sju kjæringer han preikte reint
fraa deira vesle sans og samling,
og hev paa sama vis umvendt
ein nitiaarig, stakars gamling.
Velsignat var han denne mann,
vel, um me hadde mange slike!
Daa kanskje mangein syndar fann
den rette veg til himerike.
Ja, paa han Simen kann me sjaa,
kor folk kann slaa seg fram i livet,
naar dei den rette vegen gaa
og held seg til det, som er skrivet.