Skip to content
1868–1892

Ei kjempa

Peter A. Skjeflo

Hev du set Tor imot jøtnarne strida, knusa med “mjølner” dei ljosrædde troll? Huj! kor dei griner i endelaus kvida, løyner seg fælne bak haugar og knoll;

slagi fell knusande, fram kjem dei skridande, spøkjelser fæle i rædsla seg vridande. Fram maa dei nakne dei staskledde draugar, syna seg fæle og svart som dei er,

hyklaren stend der med vrengjade augor, krympar seg under dei slagi, han fær; ordi fell tordnande, fram kjem dei ravande, ljosrædde dvergar i rotenskap gravande.

Kjempa stend høg med den bredvaksne barmen, styggdomen døyr for det rydjande sverd, – ristar den graasprengde manke i harmen, beint fram han gjeng paa den sigrande ferd;

opent han syner seg, aldrig han gjøymer seg, Bjørnstjerne Bjørnson, rett aldri eg gløymer deg.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ei kjempa · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove