Skip to content
1868–1892

Den vene sumarnott

Peter A. Skjeflo

So mild er lufti, skyi brenn um fjelli der i nord, so grøn og fager skogen stend, der kviler “fred paa jord”.

Sysvorti berre kved so fint den ljoss sumarnott, ho spelar slig og syng so lindt, at augat glimar vaatt.

Men ellest kvilar jordi still, ein liten ro ho hev, og gløymt er no eit litet bil det harde dagsens strev, –

no kvilar sorgfull mann so sæl og gjeng i fagnadfærd, han finner held og lukka lell uti si draumeverd; –

I slike neter lyt eg ut, det lokkar meg og dreg, for daa hev verai mindre sut og fagnad meir ho eig,

daa sjer eg gamle eventyr at fenga and og liv, eg nissen sjer, den vesle fyr, han upp paa laaven kliv, –

og huldra smett med rova lang, so søkk ho ende ned, fraa berget høyres sylverklang, der bur ein dvergesmed, –

i fossen sitter nøkken bleik og syng um all si naud, og vetteljos sviv um i leik med loge blaa og raud. – – –

So tek paa sluten svevnen meg, litt kvile gjer so godt, um fagre dagar drøymar eg den vene sumarnott.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Den vene sumarnott · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove