Skip to content
1868–1892

Aa vidste du!

Peter A. Skjeflo

Aa, vidste du, alt eg tenkte den gongjen eg saag deg sist, du havde mi tyngste kvida og fagraste tanke vist!

Aa, vidste du, kor eg ynskjad kor tiggjande mjukt eg bad, at eingong meg kunde timast aa gjera deg sæl og glad!

Aa, vidste du alt, eg tenkjer, naar eismal eg sitter her, kor graatande vænt eg ynskjar, at du skulde vera nær!

Aa, vidste du, kor eg lengter aa gjera deg vegen blid, og syngja for deg og stella og elska deg all mi tid!

Aa, vidste du, kor eg harmest, kor tyngjande saart det er, at alt det eg fagrest drøymde, eg ingen gong liva fær!

Aa, vidste du, kor eg syrgjer, naar heimlaus eg gjeng og driv og veit, at me kanskje aldri fær møtast i detta liv!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Aa vidste du! · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove