Skip to content
1857–1904

Øverlands-Guten

Per Sivle

Det sku vera Vaar, g men det syntest kje so; for enn var det Vetter med Frost og med Injo,

og Fórnaudi meintruga Kui og Sauden paa hardaste Livet med Svulten og Dauden.

– “Ja, høyr no meg,” sa Øverlands-Guten “bi no lite-vetta!” Og Vaaren han kom som ei Solvelte-Fonn;

og so vart det Sumar, og so vart det Onn. Og Teigen laag slegen og venta paa Terre;

men Regnet det sila alt verre og verre. “Ja, høyr no meg,” sa Øverlands-Guten, “bi no lite-vetta!”

Og Viljans-Vér høvdest, og Løda vart kull, og Aakren gav Aks som det skiraste Gull.

– Og Verdi, ho peikar so ofta i Villa. Men naar det so tédde seg verre en illa:

“Ja, høyr no meg,” sa Øverlands-Guten, “bi no lite-vetta!” – Og Noreg gjekk stauka i Vaarbløyte-Rusk

og helstest med Vanvyrd og nørdest med Fusk. Og sume dei sukka og sume dei banna;

og ein vilde eitt og den andre eit anna. – “Nei, høyr no meg,” sa Øverlands-Guten, “bi no lite-vetta”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Øverlands-Guten · Per Sivle · Poetry Cove