Skip to content
1857–1904

Varde

Per Sivle

Der høyrdest ved Nott eit Dunder paa Dør. Og Husbonden vaknar, spring fram og spør:

“Kva er det, som bilar?” “Jau, no maa de ut! for Varden lyser paa Høgenut!”

Og kvar Mann visste i same Ande, at no var der kome Ufred til Lande.

Og Mennerne Hærklæder paa seg tok, og Skjold og Øks dei lyfte fraa Krok,

dei hekta i Belte sit goda Sværd, treiv Spjut og Boge og skundad til Ferd.

For kom der deim, vilde Noreg herja so fannst der og deim, som vilde det vergja.

Og alt som Varde fraa Varde vart tend, dei sankad seg saman fraa Grend til Grend.

Og Fylkingen bygdest, og Veg han fann, der fyre gjekk Høvding og Merkesmann.

Og Ufreds-Karen fekk jamnan smaka, Kva det hev paa seg, at Varder vaka.

Og gjev det aldri maa verta sagt, at Lande ligg utan Varde-Vakt.

Og logar kje Varden paa Tind og Nut, han logar i Hjarta hjaa Noregs Gut.

Ja, brenn, du Varde, du signade, klare, bjartare, høgre fyr kvart eit Aare!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Varde · Per Sivle · Poetry Cove