Skip to content
1857–1904

Vøgg

Per Sivle

Rolv Krake var gjævaste Konung i Nord. Og Kjempor, dei glupaste, sat kring hans Bord.

Nordmannen Bjarke var vyrd som den beste, og Hjalte fraa Sjælland, han nemnest den næste.

So kom det ein Dag ein undarleg Gut, bar Hjarta paa Tunga og snakka det ut.

Og Konungen trekte ein Gullring av Fingen, og det var til Guten, til Vøgg, han gav Ringen.

Daa ropte han Vøgg: “Eg lovar og sver aa hemna din Bane, kvarhelst det so er!”

Og Konungen orda so halve paa Spite: “Nei, sjaa, kor han Vøgg kan gledast ved lite!”

So kom det ein Svikar med Sverdhogg ei Natt. Og Bjarke, han stupte, og Hjalte, han datt,

og Rolv, han fekk Bane; – men so det seg hende, at berre han Vøgg stod einsam attende.

Og sidan so fegen i Helferd han foör. Men fyrst var han Mann fyr aa halda sit Ord

han støytte sit Sverd i Hjørvard sit svarta hædeleg meinsvorne Svikare-Hjarta.

Og Vøgg – um han var vorten gamal og graa: i Hugen han berre vart Barnet aa sjaa.

– Og at han var Barn utav Hjarta, det gjorde han glad ved det litle og tru i det store.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Vøgg · Per Sivle · Poetry Cove