Skip to content
1857–1904

Ulv Raude

Per Sivle

Ulv Raude han heitte, iden djerve og sterke Karen, som bar Olav Trygvasons Merke.

Og Skjegget og Haaret brann raudt som Blod, der fremst i Stamnen paa “Ormen” han stod.

Det var ved Svolder. Og “Ormen” i Lengja stakk framum dei hine, daa Skipi dei tengja.

“Ja,” meinte han Ulv, “naar det no kjem til Slag, det vert inkje beinspelt i Stamnen idag!”

“Nei, høyr!” sa Kong Olav, det kan inkje dyljast, at her er det Raude og Ræddhug, som fylgjast!”

Daa svara han Ulv: “Gjer du Lika fyr deg, so visst som at eg det skal gjera fyr meg!”

Og Augo hans Olav vart kvasse som Loge. Han sigta paa Ulv med ein Pil paa sin Boge.

Daa mælte Ulv Raude: “Eg tykkjer som so, du helder treng skjota annanstad no!”

Og vert det, at Noreg fyr Livet skal fikta, og Nordmenn so endaa paa Nordmenn stend sigta,

daa skal det manande minnast i Nord, Ulv Raude sit hugheile Svolderdags-Ord.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ulv Raude · Per Sivle · Poetry Cove