Skip to content
1857–1904

Ravn

Per Sivle

Det ligg ei Sletta i Solarglad strøydd utav Lik i Kross og i Rad,

– Lik attmed Lik, med brostne Augor og knytte Nevar. Og Munnar gaper,

og Dauden tevar. Og ovantil krinsar ein svart ein og skrik. Blod utan Puls

og Kjøt utan Sjæl burtyver Land og hityver Lende. Og ovantil krinsar

fram og attende kring yver Valen ein svart ein og gjel. – Det er Ravn, det er Ravn, det er Valravn!

Aa haa, det var derifraa Vinden bles, at det er framfyr Maten du syng og les!

For til Gjestabods-Bord av glupaste Slag er du boden i Gilde hjaa Dauden idag.

Der er duka med raudt, der er diska til Fest med alle dei Retter som smakar deg best.

Der er inkje Trot paa Lever og Lunga, Nyra og Hjarta, Auga og Tunga,

og Blod til Borddrikka attaat du faar, skjenkt deg i djupe, breddfulle Saar,

– og alt so paalag millom rote og raatt, slik som det plagar deg smaka so godt,

du Ravn, du Ravn, du Valravn! Og Ravnen flyg yver Manna-Heim. Og berre av Fysna

so gjel han og skrik, imedan han syp av den rotne Eim, som stig i Veret

fraa Lik attmed Lik: av Viljen, som døydde, avdi at han smaug, av Tunga, som døydde,

avdi at ho laug, av Hjarta, som døydde, avdi det vart kaldt, av Barnet, som døydde,

avdi at det svalt. Dei ligg dernede ved Allfare-Veg, – dei ligg dernede

og bidar paa deg; du Ravn, du Ravn, du Valravn! Og naar det so lid til den siste Dag,

og Dauden hev vunne sit siste Slag, daa lyt du syngja i Likstova fyrst.

Men som du so fulla vert svolten og tyrst, so atter du gjeng til eit Gjestabods-Bord,

dit rikaste reidde, dit siste paa Jord, du Ravn, du Ravn, du Valravn!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ravn · Per Sivle · Poetry Cove