Skip to content
1860–1932

Afholdssang paa Maalet

Wilhelm Pettersen

Dei vil altid slængja bort i os: Avholdssakje ho gjeng ikkje fram; og at ikkje me sjølv kunna dy os forat taka imillom ein Dram.

Og saa meina me ikkj' nokot med dat, alt me stræva med Tala og Song; dat æ Sjølvgoheit, Fjusk og slikt meir att, saa dat gjeng nok i Stykjer ei Gong.

Det kan henda, dei gjorde dat betre, dei som segja og tenkja saa ilt; men eg trur no, dei gjorde dat Ret're, om dei hjælpte i Gjerninge stilt.

Fyr vor Livsvon æ Folket te frelsa ifraa Brænnevins Raaheit og Svir; og dat strida me fyr, fær me Helsa, tess d'æ løyst fraa den vaalege Gir.

Læt daa Fienderna skjægle og dura! Sakje vegs seg no likefullt stærk. Læt saamange som vil berre stura, dei skal sjaa, me skal gjera vort Værk.

Me skal rydja og lyfta og grava, me skal haarva og pløgja og saa. Naar me daa hava Avling i Laava, skal nok Fienderna skamfaulle staa.

Og naar me hava rydd' bort dat Vonde, kan dei gjerna faa flira dat ud, at dei hjælpte dat beste dei kunde: me skal tægja og takka vor Gud.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Afholdssang paa Maalet · Wilhelm Pettersen · Poetry Cove