Kven æ den som trengjer seg in
mæ magt som ein solstraale trengjer
seg in jenom rivner paa muren?
Kaut lettar du paa hovue aa lær
den op i andlete som vil lære deg mæ
kloke ord korleis du ska fara fram.
Tenarane svarar du ikje; sjølv han
som syner seg som. herren i huse støi-
ter du te sie. Bryr deg ikkje om alt
som blir skravla aa staaka ikring deg,
slengjer hanskan bort aa set deg attmæ
ein stillvoren ung gut i benken, aa spør
om dæ ikje æ han som æ herre i huse.
Daa ris dei harme alle gamle hus
feggar som før hev sulla i garden som
dei vilde.
Men dau sit roleg attmæ den unge
guten, ser han bare milt aa truge in i
augo. Du veit nok, at naar han sit
sturer saa æ de kje veikskap men fordi
han æ trælka aa bunden.
Guten syg mot av dei goe augo
aa tek te aa tøie i banda. Aa magta
aukar; for kvart eit røinand losnar dæ
noko. Knutane løiser han, slær ifraa
seg mæ kvasse ord saa han sjølv maa
undras, slit aa riv i reip aa snøre ‒
aa snart æ han fri. Kjenner seg myn
dig aa sterk, staar op aa agar heile
herkje med husfeggar.
Sjølvtryg jeng han hand i hand
mæ dronninga aa set seg i høgsæte.