Vaar, vaar! alti vaar,
men ingen somar.
Vona stig aa blomen spret. Men
frukta?
‒ den ser ingen.
Ska me daa vera evig unge?
Ska me vera dømde te aldri aa faa
full vokstr? Ska me aldri bli menn, anna
sitje umyndige paa eiga tuft i al æve?
Kome alle De som ikje valne æ
i hug aa jarte, De som toler døre
gusten av den nye ti, for no ska raat
aa rote op mæ rotom rivas!
Maidagen sprat mæ blom i hagen
aa bjøller op under li.
Men junidagar hev me daa og havt,
raue aa væne som jordbær, som fyste
friske grøa om somaren.
Ska me daa ikje kunne vente juli
dagen og, varm aa tendrande klaar?
Sola ho svingar, dagan fær te stutne,
myrkre kjem att.
Ja søkk du bleike sol, lat skuggen
sige i jupan dal. Skri din gang, du
kjem ikje lenger.
Men me vil lenger.
Skreppa paa ryggen, staven i hand!
Langt ska me fram.
Sjaa dei glimetindar som hildrar
fremst i augneleite mæ solglans om
panna aa syljeglitr om barm.
Heil vere du fridomsfagre tempel!
Som ein heilagdom lyse du paa
vaar veg.
Men mit folk tukka seg ifraa, ba
om leik aa lenter.
Eg vart standande eismal paa
haugen.