‒ ‒ ‒ fram over vidda. Høgt over bygder aa bol. Lange vindharde leite. Haare i tjafsar, jøklar i skjeg.
Korkje sol hel maane hel rennande vatn ‒ kompasen syner lei. Over haug aa hamar, ufs aa urd.
Flerrer rivs paa kin, knokene blir berre. Vyrder ikje berg aa brot aa harde skavlar.
Læ han jer mot stormen, leikar blindbuk i snøkaven. Kviler paa skavl aa steinheller som va dæ dunsenger mjuke.
Styggjes ikje op av ramnagaul aa vargaljo aa dynjande isar. Søv søtt paa breie bleia. Tyktes sjaa i draumo huldrehand,
vittande, visande mæ fingrom: der ska du gaa, langs rennande vatn, speglklaare aa,
der fær du sjaa. Kjem han over leite, te rennande vatn, tiplar fram under stein. Fyljer dæ utetter te dæ blir ein bek; fyljer
den utetter te dæ blir ei aa; fyljer ho utetter te ho naar ein sjø ‒ fæler atdæ ber dals, der vejer tvinge vil for kvart eit steg.
Leg seg paa ein haug, skoar millom tre og runn ne-i blaae vatne, som eit jenteauge klaart aa grunt, mæ skuldlaus vænleik i dei logne viker.
Sjøen stengd av fjell paa alle sier. Men lengst mot andre lande, der han blir saa lang aa smal, aa oddan tøier seg imot kvarandre ‒ meir aa
meir ihop for kvart eit par, som om dei te slut helt kvarandre traust i hand, grensevakt ve sjøens rand, bare sleppand aargangsvatne ut, for at ikje flaum ska
setje op aa skylje mæ seg vesle grøne bygd mæ den kvite kyrkja tet ve strand ‒ ‒ dit som augo støt maa ven das (naar dei ikje meir finn nytt te
kjenslekveik i den vesle bygd), stirande te des dei trøitnar, ikje lenger klaart kan skile ‒ ‒ ‒kanskje der æ bare sund,
saa at fjorden strekkjer seg inover endaa lenger, under endaa større fjell aa mæ strender endaa meire saftrikt grøne? Ein dampbaat lig ve stranda, raskt
han stig ombord. Baaten stemneleia set beinast ut der fjorden smalnar, stengd av nes paa ness Men han ikje stanar, jeng mæ
fulle fart ‒ ‒ sjaa, aa sjaa, dæ opnas te eit sund aa nok eit sund, aa igjenom alle sunda lig ei strime blank aa sollyst fram imillom skjer aa holmar ut i store,
vie, endelause hav. Aa dæ sig utover have, te at skjer aa fjell aa alting kverv or syne. Ør han stend i byljebrot aa skavl
aa stirer i dæ svarte juv, tykkjes sjaa dæ lyse i dei døkke byljer, tykkjes høire maal aa rop aa galder, tykkjes høire havfrusong leikande paa horpe ‒ ‒
kanskje der ho sit aa voggar seg paa byljom, kvilande paa baarekam, riande skomhesten, der som maaneljose tittar fram bak sky?
Stilt saa løiser han fraa skipe ut ein baat, læt dæ glae selskap drivas fram av dampen etter kompasstrek. Snart dei æ or augnesyna kvorvne,
aa han lig aa driv, mitt i baarebrusen, eismal paa dæ endelause hav. Fælen sjelv han, men han fær kje ti te tenkje, klumsa blir han straks paa nytt.
For der kjem'e tonestraumar klaart, saa han skilje kan kvar ein vek aa ljo, granne som paa kløkkaste munhorpa. Aa dei løiser taarer fram, mæ dæ susar
i hans bringe. Bare denne baaten enno som eit skal æ imillom han aa denne mjuke tonen, som han vilde suge i seg; som
han ynskte rann som eld ijenom kvar ei livsens aare. Vaag deg ut av baaten, bar eit sprang; trykk havfruga in te sterke fang,
vil ho tone for deg al sin song. Baaten kvelvdest mest. Men daa, mæ eit stokk han op, saag seg undren kring aa øigna ikje
land, bare baarer, bare ville brot aa brand. Aa dæ losna liksom skjel fraa augo. No han skilleg kunne skyne, han
æ daara, klumsa, jengen fraa forstand, lokka ut paa viaatta av galder og av gan. Men han alt æ dreven no saa langt fraa land, at han ikje lenger berging
øigne kan. Støkt han tek kompasen fram, set seg saa te aarom, brukar seg som man. Men stormen tutar, æ nok sterkare en
han: jev deg over, her dæ jelp nok inga mannakraft, naar havfruga fyst deg heve fengje i si magt. Hardt han stend imot, stemmer
foten kvast mot tilje, ror saa sveiten silar, bloe spring fraa naglerot live jelds dæ, fre aa fridom, lykke, mannavyrdna, al den agting som han
hadde for seg sjølv, alt dæ kaute mote aa den tru han hadde sanka paa sin vilje, vit aa go forstand. ‒ ‒ ‒hurra! jau no baaten flyt-
jer seg mot land. Fri æ karen, frelst fraa draug aa trol aa alle huldremagter som honom klumse kan.
Cookies on Poetry Cove