Fuglevengjer aa skyfloge kappas
ikje mæ min hugens sviv.
Mine tankar æ som eit byljande hav
‒ dei dansande dreives for stormvinden.
D'æ sett ein mur for meg som eg
ikje kan sprengje, aa eit høgt berg som
eg ikje kan overstige.
Tankane fløimer op som vatne i
ein sjøø Hugen æ ruven som naar dæ
kjøver op paa ein is.
Kvi maa eg ikje i freo vera?
Kvi maa eg ikje kvile anten nat
eller dag?
Bare tankane vekkjer meg aa mit
hovu blir ørt.
Leg handa in aat mi bringe fær
du høire kos dæ bankar.
Leg øira te fær du høire kos mit
jarte slær.
Mine andedrag æ som dregne or
havsens jup.
Mit auge æ myrkt, mit hovu æ
bøigt som paa ein brotsman.
Eg set meg ve havsens strand aa
læt byljene bruse imot meg
‒ mit jarte brusar sterkare.
Eg steller meg mitt i mannasvarmen
‒ eg æ endaa einsam mæ mine tankar.