Skip to content
1857–1934

Tirande glør

Ivar Mortensson-Egnund

Nei, eg sit ikkje paa noko høgt berg utmæ have ‒ eg bur i ei svart hytte ne i jorda. Lig aa blæs i oske aa tirande

kol, at ikje gloa ska gaa ut, gneisten ikje slokne. Pustar aa blæs, te lungo blir trøite, augo sure av røikk Oske leg seg over

andlet, haar aa hender, fargar alting graatt. Pustar te elden i den svarte hola, blæs i dei sloknande kol. Vil halde

oppe den evige eld, den evige eld i min sjæls tempel. Den æ dyrare for meg en sylv aa gull aa al heimsens herlegdom. Dyrare

en baade liv aa blo. For dæ æ ein gneist av den evige eld som bren i Guds eige jarte. Eg tok den tirande glo, la meg

paa kne, bles aa bles, te mine augo vart taaresprengde aa mine lungo trøite. Men vinden bles hardare en eg. Føikte oska kring meg som ei kvervel

sky. Regne fløimde ne vilde sløkkje, aa menneskja sto kringom aa lo. Daa jekk eg langt fraa veg aa folk ut i skogen aa bygde ei hytte over dei

tirande kol ‒ reiste ho op av raae furustenger, tekte mæ torv aa jord aa let snøen falle tet over ho. Døra jorde eg trong saavitt eg bare sjølv kunne

krupe in. Men naar røiken vart for stin maatte eg krupe ut or hie. Aa eg sette meg ve vegen, aa

mange undra seg over den som sat einsam ve vegen. Men some stansa paa vegen. Aa eg tyktes sjaa augo som bran. Daa

eg tenkte: her æ gneistar av himmelsk eld. Men eg ræd drog meg unda ‒ augo dei fylgde meg, lokkande te dans under skogens greiner.

Men naar natta kom lyste dei ikje i myrkre. Men eg leita etter den evige kjærleiks glo. Drog meg in i hytta.

Men tonar lokka ut te dans under grøne greiner. Kollugta fraa mine hender skræmde dei ifraa. Eg drog meg in, men endaa

tonar lokka. Eg ba dei stige in. Dei sa: ber os in saa ska me koma. Eg svara: dæ som eg ber in æ skogens dyr,

slagtar dei aa leg paa glo aa kastar beina ut paa dungen. Døra ope stend, sjolv maa den gaa in som vera vil jamning min aa jest.

Freista dei saa paa, kjøvdes dei av røik, skvat ifraa aa foor saa kvar sin veg. Men du hadde augo som lyste i

myrkre, dit blo va som eld, dit lekem sende gneistar ut i natta. Som ein songfugl hoppa du fraa grein te grein, tonen drog meg ut or

hytta. Men tungføtt gut hev vondt for fagre songfugl hitte, naar den spring fraa grein te grein aa syng. Dreg seg in i

svarte hi, men drøimer om augo som lyser i myrkre. Drøimer at fuglen flaug in, lae ny glo paa aaren, aa tvo munnar bles fraa

fire sterke lungo, aa gløne kveiktes, svarte kola tendras, gamle brandar fata, aa røiken steig saa vænt, fylte ikje len ger hytta, steig te vers i klaare krullar

saa folk i bygda undras paa kva dæ va som bran saa langt inni skogen. Aa elden fata i utgamle kubbar aa logen vart stor, sleikte seg rundt kring

om veggjer aa tak, aa heile hytta fata, bran. Heile hamsen, heile filleguten bran aa fuglen mæ, aa der sto ein prins aa ei prinsesse, tvegne blank av

elde Aa dei smila mæ dæ lyste over bygd aa alle skogar. Men han vakna op i myrkre, skyna dæ va draum, høirde bare tonar langt

borti skogen. Songfugl, far din eigen veg, dersom du ikje orkar lange sterke tak, ikje vaagar dine lungo, ræd for røik i augo,

ræd for aa faa svitt av væne fjør paa vengjom. Sviv her ikkje daa forlenge, saa dit maal blir kjøvt aa augo dimme. Hopp

fraa grein te grein, syng glae friske songar for alle som paa vegen fær. Aa eg blæs aa pustar som eg før hev jort, ser mot himlens stjerner i

dei stille næter, synes høire daam av toneklangen som ein ljom imillom haugar. Blæs aa pustar, at den vesle gneist

av himmelsk eld ikje reint ska slokne.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Tirande glør · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove