Skip to content
1857–1934

Stjerneljos

Ivar Mortensson-Egnund

Or duldo stig dæ fram. Sovande ser eg, vaken jeng eg drøimer. Om dagen flyg mi sjæl langt bort

te jøimde staer, lig skræemd mæ hovu under veng, ræd folkemaal, vikande unda for kvasse augo som væl kan vera varme, men dei brenner alt li

vande liv. Om kvelden lister du deg fram, naar trøitleik døiver alle sansar. Liksom ei mor ikje fær koma in

aat villungen sin før han trøitnar, saaleis kjem du fyst naar mine augo æ tyngde aa vil sige saman, men svevnen endaa ikje hev slegje sine vengjer ihop

over meg. Aa du kysser meg ‒ ein augne- blink nyt eg livsens sæle, som naar skapande sol vaarvitjer jorda.

Ein augneblink. Saa kjem svevnen veltande, dragande tunge draumskyer fram, saa alle stjerner dimmes. Aa eg kjenner meg som sveipt in

under bleier aa tjeld, vovne saman av gamle filler, halvmogne tankar æ vefta, renninga æ alt som æ halvslite aa kasta paa myrklofte ‒ svevnorane dreg

dei over meg mæ bulder aa glam, aa filleendane daskar meg i andlete. Men gleppugt æ tjelde, aa jenom glopa glimar stjerner fram ‒ ei stjerne,

alti den same. Som naar eit sjukt baan vaknar op om natta, anten d'æ midnatsleite eller morgomund aa ho mor sit der

bøigd over senga mæ den saare kjær leik lysande i dei graatblanke augo, aa ho bøier seg over baane, jevande bort i kyssar sit varme jarta. Aa baane

syg ein svalande dryk, graat stoggar, hardt linnes aa den trygge dorm døiver ville sansar. Saaleis glimar du mi sjæl, blank,

modersaar ne te meg jenom svevnens dynjande draumdrag, alti vaken, alti stirande paa meg mæ dragande spurs- maal.

Kor blir du av naar dagen kjem? Reiser du saa langt av? Æ dæ sola som bren, saa alle stjerner maa fly?

Eller jeng du klæd i bjønneham om dagen for aa halde solstraalane ute? Men før du jeng ifraa meg om morgoen, naar alle sansar held paa

vakne, slær du armane kringom meg, aa dine kyssar æ som blomeange. Va du bare draum, kongrovev spunne av villaandar leikande kring i

myrkre, hengjande ut sit net av silkje traa mæ glimande leter for aa fange menneskje, nystande gaane ihop ijen naar morgosola ovrar, jøimande nyste i

jupe jordholer te myrkre kjem att saa ingen kan sjaa kor vesalt dæ va? Men augo mine æ daa opne, eg søv ikje lenger, sola ser eg lyse, men

neskjelege maal høirer eg kringom meg, aa endaa kjenner eg take av mjuke armar kringom halsen, kjenner varme kyssar mot min mun.

Men naar eg opnar munnen aa vil tala æ du borte; naar eg røiver le eller lem aa vil kreiste deg fastare in aat meg æ du sviven fraa meg.

Aa eg lig mæ viopne augo, ser aa ikje fatar, torer ikje flytje augo, tor ikje lea fot eller arm for du held meg fast, aa dine fangtak dei vil eg nyte.

Friske æ alle mine sansar ‒ som dæ dogfulle gras om morgoen, som alle som jeng der kan trykkje sine spor fast nedi.

Mi sjæl tryk dine spor fast ned i alle mine sansar, kys meg mæ din reine ande. Viopen lig eg for deg før nokon

annan hev set merkje, over alt hev du velde som handverkaren raar sin verksta aa hendig veit aa finne alt han hev bruk for.

Døra læt eg att saa lenge eg kan, at ingen uhag svein ska forstyre mæ meistaren arbeicer, mæ han støiper, vel jande, formande etter si eiga skapar

trong. Men bare ei lita stund æ du herre i dit eige hus, snart kjem sveineflokken mæ glam aa gny, aa du maa jøime

dine eigneluter. Eg vilde helst faa byggje deg eit hus der du frit va herre, der du trygt kunne stelle heile dagen, formande,

skapande, jevande liv te alt som du sjølv hev lyst.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Stjerneljos · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove