Spar meg, spar meg! Mine hender retter eg ut mæ bøn; mæ taarefulle augo, or jartans nau eg ropar: spar meg.
Borger byggjer eg op te aa løine meg bak, te aa sitje i fre. Hermenn sender eg ut paa vollen te aa leike aa spela aa halde folk ifraa.
Mine eigne baan sender eg ut, at dei kan more folk paa vollen mæ song aa spel aa dans. Spar meg, spar meg!
Eg be mæ taarefulle augo, or jar tans nau ‒ ‒ eg be ikje mine fiendar, mæ dei vil eg kjempe,
eg be mine venner. Leike mine baan, leike aa spele for mine venner, danse mæ dei paa vollen, at dei maa bli trøite av glæe aa somne
ve porten. Spar meg mine venner. Før vil eg bera ut te dyk paa vollen mjø aa vin, ja sjølv vil eg danse aa kvea, for at
De kan bli trøite av glæe aa somne ve porten. Spar meg mine venner. Før vil eg bera ut mine eigne klæe aa reie
dyk mjuke senger, før vil eg sjølv sulle dyk i svevn for at ingen ska trengje in jenom porten. “Kvifor vil du ikje at nokon ska
koma in jenom porten?” Fordi dei vil læ, naar dei tykkjes sjaa bare ei torvtekt hytte mæ snaue veggjer aa eit einslegt rosetre ve in
gangen. For at dei ikje ska jera hytta mi te ei dansebu aa trakke ne mit rosetre. Spar meg mine venner, De som
tittar jenom muren, puste ikje hardt, tale ikje haaleg, gløse ikje ilt, paa dæ mit rosetre ska ikje visne. Sjaa eg plukkar heller av kvar ei
rose for at De kan feste dei i bringa. Spar meg mine venner, om ikje anna saa for mine roser skuld, ‒ ‒ dei æ daa fagre, dei angar daa vent,
dei æ runne op av mine smil aa mine taarer. Spar meg mine baan aa mine venner.
Cookies on Poetry Cove