Skip to content
1857–1934

Som ein tenar

Ivar Mortensson-Egnund

Som ein tenar endaa maa eg gaa aa varte op for mine baan. Dei ropar ein hit ein annan dit, forkava maa eg springe fraa den eine te den andre.

Lik eit kvende som i ungdomen stunda fram te den store forstaaing, aa so fekk ho bare mange baan. Naar ho va plaaga av skrike aa

gnaale deira mæ dei va smaae, stunda ho etter at dei skulde bli store saa dei kunne vera ho te jelp. Naar dei vart store vilde dei ikje

høire anna en at ho skulde lystre aa fluge huse runt for deira skuld aa aldri faa fre. Men ho stunda etter ei einsleg stoge

der ho kunne faa stelle seg sjølv i ro. Kaute spring dei omkring, aa dei brukar mi ti al dagen, dei skjenner aa smeller, kallar meg eit gamalt skrap aa

fornegtar sit ophav. Trælka aa tynt, men likvæl æ eg herre. Dimmas kan væl augo aa magta veikne, naar eg kjenner kor sterke dei

æ aa eg bøier meg for deira krav. Men endaa æ eg herre over dei. For frit æ dæ eg bøier meg, frit æ dæ eg kysser mine lekkjer, frit æ dæ

eg vøler om alle mine baan.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Som ein tenar · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove