Skip to content
1857–1934

Ovjegn

Ivar Mortensson-Egnund

Eg forstend ikje mine tankar, eg veit ikje kor min hug æ faren. Eg stend i under over noko som eg ikje magtar. Æ dæ daa noko ilt som eg hev

jort eller tenkjer paa aa jera? Eg æ som skoren sund, mi sjæl flyg ifraa meg. Dæ blaae fivreld æ mi sjæl som stig mot sola.

Dæ æ kje mi sorg, mi glæe; d'æ heile verdens tyngsle som æ lagt paa meg. Ska daa og heile verdens glæe bli lagt paa meg?

Kvi brusar jarta i meg? Skulde eg bli sælare en alle andre menneskje? Hev eg ret te ein lagna lettare en

alle andre? Kan eg krevje ljos, naar dei andre sit i myrkr? Mit jarte æ som eit vatn paa ei

høg hei. Kom dæ te aa svelle for hardt, vilde baara sprengje alle brikar aa fara som ein glitrande foss ut over lia.

Dæ vilde lyse op som ein solskins dag, menneskja vilde sjaa glansen aa blendas. Om dæ og va mitt paa landevegen,

saa vilde mit andlet fortelje dæ, mine klæe vilde glime som ein stjernehimmel, dæ vilde straale ut jenom kvar ein finger.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ovjegn · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove