Tagne alle aa teje! Jeve gaum folk,
d'æ eg som vil tala.
Fûlla æ eg vaken, fålla vil eg mæle
ord fraa dulde heim.
Lye mine baan aa venner.
Leita hev De lenge i ørville audner.
Leita etter lagna, røinsle hev De
funne.
Leita etter lykke, meg hev De funne.
Draumar De dæ fulla kallar, for De
ikje veit kor laus ei bru æ millom
draumom aa røindom. Men vinden heiser
ho op aa ne.
Mine draumar va dæ som dyk
jorde ville, klang som tonar for alle øiro.
Paa tonan lydde De. Leika mæ dei
paa klirrande spel som sjølvstyrne sellar.
Rangljo kom i tonen.
Av mine draumar De leikstoger
bygde. Leiken eg styrde, bare naar eg
trøitna daa vart De kaate.
Fûlla æ eg vaken, no sjølv vil eg
styre.
Men naar eg vaker daa somnar
De alle.
Men ikje vil eg svæve før sjølv De
somnar, før sjølv De trøitnar aa sig te
jord, før augo sloknar aa munnen inkje
hev lyst te tala.
Daa magnas hamingja.