Skip to content
1857–1934

Opgangskrefter

Ivar Mortensson-Egnund

Aa dei sae: d'æ umogeleg for ein tung krop aa fuke, tyngda held deg aat marka. Men eg tenkte: æ der daa ikje

ogsaa opgangskrefter som kan døive tyngda te inkjes ? Aa eg jekk mitt imillom dei i hønse- garden aa spurde kvifor dei daa hadde

vengjer. Dei svara: dæ bare tykkjes likne vengjer, men dei æ som dine lause hugsviv som ingen kan lite paa.

Men eg jekk sta aa spurde andre fuglar, dei som kunne fluge, aa dei sae: dæ jeld bare aa faa luft under sine vengjer aa ikje skrape mæ dei ne

i marka. Aa eg sae: tru daa ikje ogsaa op gangs-drifta kunne vera sterk nok i os andre?

Men daa lo hanen aa gol i sin visdom. Ikje paa vegen mun eg svive, der som mange møtes.

For ei teft lig etter i kvar mans spor. Ikje kan ein gripe dæ aa ikje kan ein sjaa dæ, ikje kan ein kjenne dæ

mæ sansar aa ikje nemne dæ mæ ord. Men d'æ der lel ‒ som eit myrkt lekem, usynleg men trykkjande, saa at inge stjerner kan lyse.

Dei pustar dæ ut jenom sine struper, som tet gov breier dæ seg ut over marka. Kor du trør reiser dæ seg støv

skyer som legg seg som ei skorpe over andlet aa hender. Saa lett dæ kverver baade syn aa sans. Ikje paa vegen mun eg svive, bare

millom trea i skogen, paa mose som ingen hev trøt, paa byljer som velter seg over aa skyl bort kvar mans spor, i lufta som skil alt ureint ifraa seg ‒

suge saft or blomar aa tre, kraft or himmelens stjerner, kvile aa gløimsle i havsens dypter. Mannaord sig jenom meg som

regn jenom sand, dæ stanar inkje. Men eg jorde meg eit fiskenet som alle andre aa kasta ve stranda aa fengda va rikleg som for alle andre.

Dei naut av si fengd aa va glae. Eg skygnde og mi fengd aa fann menneskje aa dyr, men dæ hadde vond tev, saa eg laut vende meg bort,

aa eg lae dæ te hevd i min hage. Men vind aa regn skyla dæ bort aa sola turka dæ op aa dæ stana ikje. Daa jorde eg meg kastenet mæ

store maskar breit aa jupt aa mæ lange tog saa eg kunne naa baade jupna aa vidda. Aa eg sanka in alt som laust fans

paa himmel aa jord, menneskje aa dyr, tre og alle slag plantar. Endaa fann eg ikje noko som eg lysta.

Men eg samla saman, her eit blik, her ei mine, her ein blom, der ein tone. Aa eg naut mit maaltid.

Ser du dei ikje? Ser du ikje kor tonar stig bivrande op som saagidn om vaaren, som eim fraa varm jord?

Dei smyg i alle dokker som kvite skoddekrullar, sleikjer stein aa stuv, tøier seg op aa snur seg lik slyng plantar om alt Som æ.

Ser du ikje kor dæ veks? mæ lauv blir alle ting dekt! Ser du ikje alle dei fagre leter der dæ lyser op mæ friske blomar?

Sjaa dei byggjer seg op som lauv salar mæ gylt fletverk. Dei strekkjer seg ut som tunger av eld, som logande søileraer.

Dei lyfter seg op som blanke bruer, som verbogar millom himmel aa jord. Men dæ spring aa dansar over mit hovu mæ jarnskodde hælar.

Som ein sjaa-ar jeng eg millom blinde. Som tungjula fjørlause vogner ram lar etter ein veg aa knasar alt som ikje

æ steinfengt, ‒ saaleis ramlar mannatal over mit hovu. Men eg held armane saman over

meg for ei lita stund aa kunne verje meg, aa jarnhanskar hev eg paa hendene. Ein augneblink unnes eg fre. Aa tonar vell fram, sildrande som

vatn omkring meg, gullende reint. Dæ naar mine kne aa tvær mine føter reine. Dæ naar min hals, aa hovue lyfter

seg i bøn. Mine føter blir saa lette, som om dei skulde misse sit feste paa jorda. Men daa brest staalhanskan paa

mine hender. Blodga æ fingran aa take glep. Aa tungjula fjørlause vogner ramlar over mit hovu aa trykkjer meg mot jord.

Som hundegauling aa rauting av fe, som jeitemekring aa hønsekakl, som musepiping aa kattekvin ‒ saaleis lyes mannamaal for øirom mine.

Men æ ikje trompeten skarpare en uksebeljing aa kvin ikje ei fele verre en katteljo? aa likevæl veit spelaren aa temje dei saa uksen gløimer sin villskap

aa katteljoe fær mjuke drag. Men der eg jekk aa leita etter tonar fann eg at kvart menneskje hadde sin ljo. Men ulæte va der i staen for

tonar, i deira glæe va der skrikljo, i deira sorg va der stygljo. Dei va som instrument som ikje æ ret opsette aa stemte aa som blir spela

paa av uhage hender. Men som ei goviljug mor millom alle ureine ljo som baane læt tykkjes skilje baade lund aa tone, saaleis jekk

dæ og meg der eg sveiv ikring aa lydde, eg tykte at kvart menneskje hadde jøimt i bringa ein rein tone, for eg høirde ljom aa kyngjande vek sjølv i hunde

gaul aa jeitemekring. Kvar huslyd hadde sine samtonar, fraa some skreik dæ som skjoreskvatring men fraa andre klang dæ som kvartet

spel der eg jekk framom. Kvart folk hadde og sine samtonar. Men fraa mit folk klang brostne lurtonar.

Men tone vilde eg dæ skulde. Stilt eg jeng aa lyer ve kvart men neskje eg møter, legg mit øire in aat bringa aa lyer om der ikje skulde finnas

ein einaste rein tone. Lenge høirer eg ingen ting for sus aa brus aa kvelle skrik. Men naar suter klemde, storm rasa,

trassen lyste aa hate bran, aa glæe braut alle brikar daa fann eg i kvart menneskje millom alle uljo ein klang av reine tonar. Men daa vilde eg heller trø alle

menneskje under min fot dersom dei mange tusen klagesongar kunne tone ut i ein einaste dirrande ljo. Daa vilde eg heller manne dei op

te stri, dersom harm kunne samle dei rædde te fylking aa faa herluren te aa ljome. Daa vilde eg heller skape stor lykke

for alle menneskje saa dæ kom te aa klinge som fuglesong ein solblank vaardag. Som ein orkesterførar vilde eg

samle alle spreidde tonar aa faa dæ te aa klinge i ein samljo ut over al heimen. Men eg sanka meg ein skat, som

ingen kunne taka fraa meg. Som bia om dagen fer omkring aa syg søta av alle slag blomar aa samlar honing i bøle sit, saaleis sveiv eg kringom

hjaa menneskje aa dyr aa samla tonar, aa bar dei heim te meg sjølv, aa om natta, naar vinden ikje meir dura aa alle uljo va tagna, daa klang mine

tonar som æolshorper i linne vindsus. Aa dei risla ikring meg som klaare kjelder aa tvo mine føter. Dei bygde seg op ikring meg som

gylde lauvsalar. Dei lyfte seg op som blanke bruer, som verbogar millom himmel aa jord. Aa opgangskrafta vart sterkare en

tyngda; dæ va, som eg vilde flyte op. Aa dæ kjendes, som om eg fekk luft under mine vengjer. Eg rette dei ut aa eg sveiv.

Store under, lufta bar meg paa strake vengjer. Aa eg sveiv fraa grein te grein, kvitrande gla som ein songfugl.

Aa snart vaaga eg meg te aa taka fart fraa top te top. ‒ ‒ Laufta bar meg. Aa snart sveiv eg saa høgt, at tre

toppan laag som eit grønt tjeld under meg. Aa syne vart fritt aa vitt.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Opgangskrefter · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove