Dei byggjer over meg alle sine borger. Dei kvelver mannaord over meg som toreskyer. Dei vil mure meg livande inne.
D'æ vatn i aarom deira, bringa æ full av gift, kjenslene æ sogne ut av barmen. Jarta æ kalt som is, men d'æ ikje is, for daa vilde dæ tine for
sol aa regn, dæ vilde blotne som klaka jord ein vaardag ‒ sjæl aa sinn vilde frævas. Jarta deira æ laga av stein, so dæ
saaras ikje av hog aa slag. Mit jarte æ kløkt, som det vøre laga av vaks; dæ taanar for sola. Mit jarte strøimer over, min mun
æ full av mit jartans kjensler. Men dæ stivnar for deira kalde ande, som naar dæ rimar paa marka. Dei skapar mine kjensler om te is,
dei jer mine ord harde aa min pen te eit slipt sverd; dei frøiser mit sinn. Dei frøiser mine taarer te stein blanke perler, av mine smil støiper dei
sylkvasse piler, mit jarte jer dei te ei naalepute. Aa eg som helst vilde vera fjaag som fugl mot ljosan dag, som baan
paa mor sit fang. Sauene lyer sin juring, fuglane bur i reir, aa fisken jeng i flokkar. Æ daa eg aaleine som bjønnen paa heia?
Mi sjæl er sljo som eit sverd som ingen brukar. ‒ Men dæ æ daa like væl sett mæ kvasse staal? Eg liver ikje, eg døyr ikje.
Eggje meg op; freiste lokke harmen fram! Dæ vøre ei lise for mi sjæl, om hate kunn’ meg kveikje mæ sin friske
brand. Blaase alle vindar, blaase! saa mit hovu blir klaart aa mine augo skire, saa mi bringe maa faa ei letting.
Syngje aa spele for meg alle men neskje, saa eg svæves aa fær fre for mine tankar! Leggje ut mæ vise ord, saa vite vaknar!
Men dei byggjer over meg alle since borger. Dei kvelver mannaord over meg som toreskyer. Dei vil mure meg livande inne.
Flyg ut mi sjæl! Lat veggjer rivne, murar breste, lat aasar ramle aa fjell sige ne, lat skyene brotne og himlen bogne ‒ saa eg fær
rom for mine tankar, saa eg fær ande ut. Bare natta mæ sit stjernehav jev mit sinn svaling.
Cookies on Poetry Cove