Skip to content
1857–1934

Liv aa sæle

Ivar Mortensson-Egnund

Ai, ai magt meg dreg som eg ikje meir kan styre. Mine sansar aa mit sinn dei æ kvorvne bare te ei lei.

Mine føter viljugt ber alle vejer som gaar mote deg. Dei ber tungt ifraa. Mine armar retter seg mot deg

som dei kunne tøias hundrevis av mil, bare ein sta veit dei som æ trygt aa kvile;

Fast dei skulde kvile, fast dei skulde trykkje dette varme lekem mot mit bryst. Tusen ting som ikje ord kan mæle

vild' eg kviskre, tusen heite kyssar skulde je mi kjensle ord bære en eg elles kan.

Toler du dei sterke fangtak, at eg kreistar deg i mine armar fast saa jarta mest maa breste? Toler du dei heite kyssar

at eg syg'e i meg mest di heile sjæl? Kva æ ord væl kaldt aa daut! Bare aa faa angen av dei mjuke lokkar,

aa faa kysse dine augo aa din mun, aa faa slengje baae mine armar kring dit liv,

aa faa kreiste deg saa tet inaat meg, aa du stryk meg mæ dei linne hender

ser meg in i augo, aa eg sig'e ne for deg ‒ dæ æ einast liv aa sæle no for meg.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Liv aa sæle · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove