Skynar ikje katten seg paa musik?
Jau han kan baade sjølv laate aa
han høiter kvar ein ljo i ein slaatt ‒
bare dæ at han ikje kan lære tonen.
Kan ikje kvinna skyne ein man?
Jau vist, ho æ daa baade sjølv eit
menneskje aa ho høirer kvart ord han
seier, ho kan jamvæl herme lange røer.
Ser ho ikje gløgt jamvæl naar ein knap
æ borte eller eit haar blir graatt.
‒ ‒ bare at ho ikje bryr seg
om aa fylje dei lange snorrette vejene
hans som ingen sta tykkjes ende.
Baade katten aa reven kjem dit
dei vil om dei aldri gaar ei bein linje.
Kvifor skulde og ei kvinne jera seg
hovubrot mæ aa fylje mannens veg,
naar ho saa tit ho vil kan lokke han
paa sine løindevejer millom tre aa runn
i dei tette skogar?