Skip to content
1857–1934

Ikje ut men in

Ivar Mortensson-Egnund

Naar De fær te trøitne daa mun eg vakne. Naar De æ vakne De held meg som ein fange, stengjer alle vejer, hen

gjer for glasa saa sol fær kje skine. Men naar De tejer, daa fær eg ro. Daa mun eg leite, i jupna aa høgda, sjaa etter stjerner i ljose næter.

Ut mun De fara, in mun eg stunde i endelause vidder. Ut mun De fara ‒ over fjella høge Ut mun De sige under liene jupe.

Som lemænskreier om vaaren, alt før snøen er reist, paa skareføre dreg dei i breie ferder, alle mot same leia, i endelaust kav.

Men endelykta deira den veit ingen. Som vatsdropar smyg fram ut or kvart eit myrhol, blandar seg ihop i bekkjer, ørville stormer dei fram jenom

alle bygder som fossande elv, fær mæ glam aa gny, blir te heile villmansherar. aa stuper braat aat hav. Ikje ut men in min hugen sviv.

Or duldo stig dæ fram, or djupe, dulrame hav. Folkauga ser dæ ikje, mansøira gaar dæ ikje.

Skilt stig dæ op or havsens jup, i fyste kløkke morgomund naar skipa lig i graalyse aa døser mæ slappe segl, aa eimbaatar kvin i ørvæna som hung-

rande ulvar. Dæ renn op som ein røik av heile havsens brand, lyfter seg høgt te alle himlar, strekkjer sine vengjer som svale-

flokkar om vaaren, styrer kurs mot fjerrast land, sigler over høgste maste- tind, over byar aa susande skog, kviler paa nutar aa fjell.

Stilt fær dei fram, kløiver lufta mæ re slag ‒ i flok aa fylgje aa likevæl kvar for seg Meir aa meir dei skil seg ut, di lenger ferda varer, kvar aat

sine bygder, te einslege gardar langt in millom høge fjell, lægrar seg over grøne engjer aa spæjar fraa sky om nokon ventar paa dei.

Aa alle gras aa plantar lyfter sit hovu aa lengtar. Aa ut skil seg dropen, løiser alle band, spring fraa himmel te jord ne i

mjuke fang, sleikjer unge friske bla, smyg langs straae heilt i jorda, alt te han hev funne jarterota jev saa bort av al si lyst sin heile rikdom, jev

ungdom aa liv aa vokster i somar aa sæle. Den ti dæ va daa ham eg tok i mannaheim ‒ jeve gaum den som

vitsmon mun hava. Men sjølv eg somna i mjuke fang, aa mine draumar æ De alle. Ikje som ein konge ‒

som ein gud eg æ for heile den verksta som kallas mit lekem. Som ein kunstnar danar leire saaleis danar eg dæ ikje te min tenar,

men for at dæ ska bera fram heil slungne idear jenomglødde av hans eigen aand. Aa som bilæthoggaren æ ræd for aa skjemme ut dæ kostbare

marmor saaleis æ mit lekem dyrt i mine hender. Som ein gud æ eg for mit lekem ‒ som den løinde kraft i alle ting, den

kraft som alle lengtar etter aa finne aa forstaa. Slitas maa dæ kvart eit plagg, slitas te fillene dett av kroppen.

Saart maa ein lie for ein eingong maatte ta buna som ein ikje sjølv hev valt. Sjaa bjørka skifter hamen kvart eit

aar, nytt om vaaren, kastar dæ av seg om hausten. Men eg æ som furu aa gran, bare røiter some bar, men live lengda maa ein bera dæ som ein hev

fengje. Fuglen flyg i lause lufta, fisken svem i hav, dyr i skogen reikar vitt omkring, trea veksa op mot himlen høg.

Men eg æ som graae faste berge, bare regn aa vind løiser gran for gran heile lange ævelengda. Slitas maa dæ gran for gran.

Men te sist eg drep mine baan, for sjølv vil eg liva. Eg drep dei paa same vis som ein

døiver drauman sine om morgoen naar ein vil staa op for aa liva. Eg bare dreg alle fyrehengje te sie for at mor gosola blank aa bjart ska skine in te meg.

Stilt eg lengtar aa lyer etter fjerre tonar. Eg høirer kløkke vek tinklande fraa finaste munhorpa langt burta alle haugar,

heile lufta æ full av musik aa likevæl kan eg ikje skilje tonan. Stilt eg lengtar aa li. Men denne susande ljo den vilde

eg suge i meg som ein livsens eld, som mergen i trea, som bloe i kroppen. Eg ser ut over mannaheimen som ut over ei stor eng: ugras æ dæ meste.

Dæ kjem fram tileg om vaaren, skyt op aa blømer, set frø som dett i jorda aa spirer næste aar, men dæ goe frø blir kjøvt aa lig under.

Men ugrase sprikjer mæ sprag- lande fargar aa breier seg ut over al marka. Men eg laga meg ein liten hage,

spadde op i jupna, spreidde jordklumpan, blanda leir aa myr i sanden, lae paa go hevd aa saadde got frø. Men ugrase spira aa sprat ogsaa der, aa eg maatte

luke te eg fekk blæmer i handa for aa halde jorda rein. Men kven kan orke aa luke bort alt ugrase der dæ korkje æ grave

eller saat? Vinteren kjem væl aa døiver baade gras aa ugras, men naar vaaren ovrar spret dæ op att mæ nytt liv.

Set plogen i jorda, velt ne i auren gras aa ugras, saa nytt got frø, plukke mæ utrøitelege hender alt ugras bort aa kaste dæ i elden.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ikje ut men in · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove