Skip to content
1857–1934

Husk

Ivar Mortensson-Egnund

D’æ som ei sagbordhuske; dæ sit ein paa kvar enden, aa dei vippar kvarandre op aa ne, elsk aa arging paa kvar sin ende.

I fystninga æ dei jamtunge, men snart tek dæ te aa huske mæ smaae tak, d'æ bare saavit balansen flytjer seg, men farten blir sterkare aa ster

kare. Mæ den eine tyngjes heilt te jorda sviv den andre enden jamhøgt mæ tretoppane. Farten blir skjotare aa skjotare, den

eine vil kaste den andre av, men dei klamrar seg fast baae tvo aa held leiken ut i lengste lage, tæ des at svinginga blir saa sterk at dei huskar millom

himmel aa jord, aa ein av dei blir magtlaus aa ør saa han dett ne av sæte aa kan ikje koma seg op att meir. D’æ som naar ein held handa

tet over eit springvatn, den blanke straalen blir sprøit te alle kantar ‒ naar eg ska tala æ dæ som du jev meg slag for munnen, eg blir stam

aa maa tagne,

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Husk · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove