Eg sig som in i eit æventyr. Sola
vekte meg, sjøen laag blank. Bekkjer
rann vaarfriske ve alle strender aa dæ
grænka paa eng aa mark, men runt
omkring sto fjella som grindar, glimande
av sol i kvitt aa blaatt ‒ jenom sunda
ser eg in i tronge dalar mæ stupbratte
berg, aa over fjellkammen lyfter seg
glitretindar ljosblaae kvite som him
melen sjølv.
‒ alt ljosnar op i meg, minne
straalar som blankaste dag.
Men naar du nærmar deg stranda
kjem glitretinden bort, pyramiden som
reiste seg over dei hine, alt te himmels,
syner seg ikje lenger.
‒ ‒ Slikt æ og mit kongerike.
Høgt over bygda, langt in paa vidda
der hev eg mit slot, men kjem du nær
kverv dæ bort, aaskammen skyggjer,
du ser bare ei strand mæ smaasame
hus, aa slær du deg te ro der saa finn
du ikje meir.
Men prøv aa gaa den bratte lia,
ver ikje ræd om der æ veglaus lei ‒
naar du kjem oppaa høgda ser du
tinden att. Kanskje snøkaven driv, bli
ikje ræd, gaa bare paa; langt inpaa
vidda, høgt over bygda der lyser mit
slot, klætt i snø aa is.
Men kjærleik vil snøen tøie, friske
kjelder vil sprette fram, lauv aa grøne
gras vil gro.
Eller æ du mergstolen i knea saa
du ikje orkar dei bratte kneikar?