Skip to content
1857–1934

Fivreld

Ivar Mortensson-Egnund

Æ du som eit fivreld flaksand, mæ al glansen sitjand laust som støv paa breie vengjom ‒ saa at ein kan struke bort baad'

gull aa sylv aa himmelblaae fargar bare mæ eit drag av skitne nevar ‒ ‒ daa dæ va vel fagert sjaa dei somarbo sveive seg aa svinte glae

paa sin stutte livsens veg, nytande kvar solskinstund. Men ikje vild' eg fluge som ein gal ning, villas bort i hildredraum.

Nei du leikar for min hug som ein songfugl. ‒ ‒ kvitrande i høgste tre, hop pande fraa grein te grein.

Om dau laugar deg i sand aa kalde jord, saa misser ikje fuglen glansen av dei fagre fjører. Om ein klappar deg mæ barka

hand, brun av dagsens slit aa møe, fuglen misser ikje glansen av sin fjør ham. Om du hoppar og i strie kalde

straum, baskar ut mæ vengjom, saa at vatne trengjer in te fine skjerre hu ‒ fuglen grys væl straks, men saa skjek han vengjom, aa dæ skin'e dubbelt

fagert i dei reine fargar, aa dæ drys'e perler millom kvar ei fjør. Songfugl min! Ikje maa du grysje om du fær ei laug i sand aa jord aa

kalde vatn. Som den friske eling ska dæ kveikje bert din hug. Om eg stryk deg hardt mæ grove

hand, ikje ska min songfugl motlaus kure, løine hovde under veng ‒ ‒ men som perler skinande i sol ska dæ trille klaare tonar or din

mun mæ smil i auga ‒ ‒ naar du skynar at dæ heite blo bankar i den grove hand ‒ ‒ at jarta slær for deg, min

songfugl, som eg ikje vil ska fryse. Men eg byggjer reie varmt aa mjukt, plukkar heller fjører av mi eiga bringe, for at du ska faa dæ got aa mjukt aa

varmt aa sælt aa ikje sakne.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Fivreld · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove