Som eim stig op fraa vatn i varme
kveldar aa sveiper seg om holt aa
haug
‒ saaleis sviv hildr ut fraa kvinna
aa villar mannens hug.
Men æ dagen klaar, tvinnar eimen
bort
‒ saaleis kan og klaare menn
sprengje den trolleham som av kvinne
magt æ lagt.
Ein tirande aarceld likar kvenda
aa sanke seg ikring.
Men sleikjer logen himmelhøgt i
ei mansbringe, daa kjem dei stormande :
ause vatn paa, døive elden elles bren
me alle op.
Som ein sterk eld, jamvæl, maa
jeva seg naar han naar ei elv
‒ saaleis domnar jamvæl sterke
menn i kvinnefang.
Men dæ hender likevæl stundom,
at elden kan kaste seg over ei fos
sande elv aa beint bort i andre lia
‒ saaleis kan dæ og hende, at
sterke menn jer eit kast over daarande
kvinner aa ikje ser seg om ein gong.