Skip to content
1857–1934

Eg tenkte

Ivar Mortensson-Egnund

Eg tykte du kom imot meg mæ dansande steg; sto opi lia, leet paa lur aa lokka. Daa tenkte eg at dette maatte vera

den store forstaaing som breidde seg over meg mæ solglans. Ei havdise laag kringom deg, men solskine va der, aa eg stana.

Eg tenkte dæ va den store for staaing som titta fram under augebru nene som naar solauga glør fram jenom eit skoddehav.

Eg tenkte at naar dagen vart varm vilde skoddetappane turke bort aa sola skine bjart aa klaar. Ja eg tenkte.

Kvi vil du hava meg te aa kvæe? du veit d'æ sjelda eg syng om glæe. Kvi vil du høire paa mine kvad naar du veit eg æ kje i hugen gla?

Aa d'æ saa vondt aa faa dæ te laate naar ein æ huga te heller graate naar ein veit at kvar einast ljo syg magta ut or mit jarteblo.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Eg tenkte · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove