Men der eg tøigde meg aa lydde
etter ropande maal kom dæ for meg:
kanskje dæ bare æ dvergmaale du
høirer, atteljomen av di eiga røist?
Men tagal jeng eg daa jenom
skogen. Mine føter trø varsamt paa
jorda paa dæ ingen blom ska bli knekt;
let aa stilt jeng eg over alle kvister aa
greiner for at ingen fugl ska støkke.
Aa korleis kan dæ ljome der som
aldri blir laate? Korleis kan dæ jalme
der ingen ting blir sagt?
Eller kan dvergmaal herme dæ som
stilt i jarta ein sukkar?