Skip to content
1857–1934

Dæ ropar eit maal

Ivar Mortensson-Egnund

Eg vakna or svevnen, tykte at nokon nemnde namne mit. Eg tenkte der va nokon av mine venner som vilde tala ve meg.

Eg jekk ut; men der va ingen. Men daa eg va jengen in kom same maale att. Aa eg jekk kringom aat alle mine

venner aa spurde kven dæ va som hadde ropa paa meg. Men dæ va ingen. Daa tenkte eg: d'æ ein ny ven

som eg ikje kjenner, ein som av blygsle held seg duld. Aa eg jekk aa saag alle menneskje in i augo aa tenkte: tru dæ va du

som ropa paa meg? daa vil dæ væl synas ein augneglim som kan sortelje meg dæ. Men alle augo va kalde aa tome;

den glimen som kunne vitre meg, den fann eg ikje. Daa tenkte eg: d'æ kanskje ikje maale av nokon einskildman. D'æ suk-

kar fraa mange, som luftdrage ber hit, saa dæ høires som ein tone; d'æ fraa heile mit folk dæ lyes rop aa klagesong.

Aa eg sto op aa jekk ut paa ein haug der heile mit folk kunne sjaa meg. Eg slo te ljo aa kva vaarviser for mit folk.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Dæ ropar eit maal · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove