Jupt under berge lig ei kjøn aa
svartblenkjer.
Tette skogen staar omkring, men
vatne blenkjer millom tretoppar aa
greiner.
Aldri der leikar ein vindgust, bekkjer
tislar korkje in hel ut.
Men bilæte ser eg ofte i vatne, ‒
mit eige bilæte.
Aa naar skominga kjem ser eg alle
himmelens stjerner i dæ blanke jupe.
Ein kan nok seie aat andre at dæ
æ ei svart kjøn.
Men eg veit at dæ æ kje nokor
kjøn. Dæ æ eit stort blankt auge som
ser al ting aa veit al ting paa himmel
aa jord aa som stirer paa meg mæ
spursmaal bak buskutte bruner.
Naar eg minst ventar dæ æ dæ
der, dæ store blanke auga, stirande
bak buskutte bruner, stirande saa in-
gen ting kan bli dult.
Om dagen lurar dæ bak himmelens
skyer. Om kvelden glymer dæ fram
fraa myrkninga i skogen aa om natta
stend dæ aa skygner in jenom glase.
Sei meg du store svartblanke auge,
kvifor stirer du paa meg aa fyller meg
mæ evig rædsle ?
Myrk æ du altid aa streng som
ein domar bak dine buskutte bruner.
Kvifor straalar du aldri mildt?
Fins dæ ikje smil i dit andlet?
Du forfyljer meg, forfvljer meg dag
aa natt Du viller mine tankar, du
svirrar mit sinn som jule paa rokken.
Himmelens skyer forfyljer meg, dei
tøier seg fram over mit hovu, dei velter
seg ne paa mine aksler aa skundar
fram mine steg.