Skip to content
1857–1934

Baanehender

Ivar Mortensson-Egnund

Aa eg la meg te aa kvile mæ trygleik. Men daa alt va kyrt om kvelden aa eg helt paa somne stokk eg op, eg tykte dæ pikka paa dæra mæ lette

fingrar, som om nokon vilde in. Men eg roa meg sjølv aa sae: d’æ vinden som leikar i sjeldtile. I fyste dagspretten vakna eg ve same

lette pikking, men eg roa meg aa sae: d'æ fuglane som fær te morgne seg. Men om dagen fekk eg ikje fre, dæ lyddes for øiro som klagemaal: kvifor

sto du ikje op aa let op døra, kanskje dæ va smaae heimlause baan som sto utafor aa ba om nattely. Men om natta va augo mine tyngde

av svevn, aa om dagen valt livsens stri ne over mine aksler. Men naar eg eismal va kom dæ att: kanskje dæ va heimlause baan som

ba om nattely? Aa jarta vart som sjelvande vatn i mi bringe. Ei nat jekk eg ut te aa njosne,

men eg saag ingen. Men naar eg hadde lagt meg pikka dæ paa nytt som av smaae baanehender som ba om nattely.

Daa eg tenkte: D'æ vist klageljoe fraa alle arme aa naukomne som vinden ber fram aat øiro mine.

Aa eg jekk ut millom alle som lei nau aa trengsle aa bar op fridoms maal. Aa eg tok fram gamal bibelbok, forkynte kva profetan hev tala.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Baanehender · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove