Skip to content
1857–1934

Bøn

Ivar Mortensson-Egnund

Dit andlet æ som himmelens skyer. Dine augnekast æ som himme- lens stjerner. Som himmelkvelve kvel- ver seg di panne høg aa klaar. Som

ei toresky krusar munnen seg op. Dit andlet æ som himmelens skyer. Men bakom sky seg løiner den straa lande sol.

Aa om eg fekk sjaa bare ein blink, anten dæ va morgo hel kveld, kor kunne eg daa syte? Eg veit ho skri der drust aa fri. Eg hev kjent hennar glans aa

glim. Vil du daa te evig ti løine for meg dine augos glans? Ska eg daa gange som ein blinding,

ska eg vende meg mot jorda aa mette min mun mæ aur aa sand? Mine bøner æ tome for dine øiro aa mit jartelag som ingen ting.

Du eggjar mine tankar, aa du jer min hugen saar. Stundom eg ynskjer eg kunne deg hate; men eg fær dæ ikje te, mine

hender follas te bøn naar eg søkjer dit namn. Aa lat glansen fraa dine augo lyse over meg bare ein blink, saa æ eg sæl.

‒ Som eit ljon lyse dei op i ei myrk nat.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Bøn · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove