Skip to content
1857–1934

Attersyn

Ivar Mortensson-Egnund

En skynar d'æ eit stup ikje langt ifraa, ein høirer slik rar sjuging aa susing aa ser ei sers lysning aa lufting.

Eg saag folk utpaa kanten; dæ bivra meg jenom jarta daa eg saag dei saa langt utpaa. Aa Gud, sjaa dei dett! Ein etter ein saag eg dæ bera

te avgruns mæ. Daa laut eg sjaa fram, fekk ikje fre, maatte sjaa fram kor dæ hadde jenge. Kom sjølv frampaa stupe, saag

lik ve sia av lik i urda under mine føter. Aa eg vart ør, fossen stupa seg aat, dæ va som alle magter trykte aat, ropa, drog, skuva ‒ handtake losna,

fotfeste glapp ‒ eg æ fortapt. Men sjaa, kappa mi breiddes ut som ein fallskjerm, eg sveiv langsamt ne aa vart sitjande paa ein stor hamar

millom haugar av lik uskad. Eg vart sitjande i eit trongt juv. Fossen brusa, jøklar datt ne over berga paa baae sier mæ skrel som kanonskot,

aa naar dei sprang mot steinan i urda sprat isstykkje te alle kantar. Ikje eit grønt straa, bare urder aa berg vaate av fossespruten.

Alle attervejer stengde, saa vist som vatne ikje renn op att, bare skome stig te vers for aa dette ne att som muskeregn.

Men eg krabbar meg fram over dei sleipe urder, aa eit stykkje utafor stupe blir eg var at jile jer ein sving te vinstre. Væl ser eg ikje langt, bare

eit nyt berg, for der svingar dalen te høgre ijen. Men dæ eg ser æ nok te aa fylle meg mæ glæe saa eg maa graate ‒

siklande, klaart vatn, grøne engjer, aa høgbarma kjempefjell staar som ein veldig port ve ingangen te ei ny ti.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Attersyn · Ivar Mortensson-Egnund · Poetry Cove