Eg ser, at augo av graat er dogga,
‒ aa, den som kunne den graaten stogga!
Eg ser, at bleik er din fine kinn,
‒ aa seig, kva vantar deg, venen min?
Eg høyrer munnen so sorgfullt klaga,
‒ aa, den som kunne den sorgi jaga!
Eg ser, at barmen gjeng tung av graat,
‒ aa, den som kunne gje hjelp og raad!
Eg sit og lyer i lange næter;
det er, som alting so vonlaust græter.
Det er, som alting seg kvida maa,
for jenta mi, ho lyt lida so.
Det er, som skogen i sorg seg ankar.
og havet sukkar i tunge tankar.
Det er, som fjellet hev mist si ro,
og dagen sloknar i eld og blo
Aa, var eg soli i dagen klaare,
eg vilde verma ditt sinn, det saare.
Aa, var eg Gud, som i gaator saag,
eg vilde gjera deg glad og fjaag.
Aa kunn' eg berre di sut faa bera,
mi største lukke det vilde vera.
Ja, stod det berre so visst til meg,
eg ofrad, ofrad meg sjølv for deg