Frua eg var ung, eg saag deg skog,
du stod ikring mi vogga.
Du stod so ven og drog og drog –
– ja drog meg ut or vogga.
So titt, naar verdi tyktest vond
mot vesle, rædde gut
– med' du stod trygg og baud meg rom –
eg rømde aat deg ut.
Eg gret hjaa deg, du kjære skog
so mangein herrens gong,
ja gret til alle fuglar log,
og ljosvill glede heilt meg tok,
so sjølv eg kvad min beste song.
So vaks mi sjæl, fekk vengjer paa
og vilde fljuga ut.
Eg burt fraa heimen stunda daa,
langt burtum høge nut.
Men deg, du skog, eg sakna titt
i framand, ukjend by;
og lengten vart for strid um litt,
– eg maatte heimatt ty;
ja heim aat deg, du fagre skog,
du løyndomsfulle, reine,
med sus og brus og alvers tog
igjenom myrke greiner.
Du stend so rein, du stend so blaa
med tusund rare skuggar.
Kvar gong eg trøytt og hjelp lyt faa,
eg gjeng aat deg og doggar
dit blad, di grein med taara mi.
– Og du, du kviskrar i mitt sinn
din sæle, milde skogfred inn.