Eg gjeng i den doggfine morgon
so syngjande sæl og rik.
‒ Det veks over skog og vidder
med jublande fugleskrik.
Det fløymar um fjell og nutar.
det glitrar i blom og lyng.
Det bivrar so varmt i bringa,
med morgon um verdi syng.
Og inn over døkke skogar
no hastar ein fuglehær.
‒ Der skjelv kvar den mindste blome;
for Gud er so nær, so nær!
Der dansar kvar liten fivreld,
der hoppar og sprett kvart kry.
‒ Der opnar seg tusund knuppar;
for verdi er ung og ny!
Og lipporne sæle kvitrar
og nemnar alt vent ved namn.
‒ Eg ynskjer, eg kunne faa trykkja
alt levande liv ifamn.
Og augo av taaror doggast,
og graaten kjem varm og linn.
‒ Eg ynskjer, eg kunne faa turka
kvar taare av bleike kinn.
Aa, spyrg kje du vise verdi,
aa spyrg meg kje, kvi eg er vill
‒ For jordi er varm av blomar,
og himlen er djup og still!
Aa, spyrg kje du myrke domar,
kvi lipporne smilar so.
‒ For havet kan spegla himlen,
og dagen er varm og blaal
Nej, spar deg du arme tvilar!
‒ Mitt auga er blankt og vaatt
Eg veit meg eit himmel-rike,
som altid er reint og blaatt!